Endret: 22 jan 2019     Opprettet: 20 jan 2019

Tid for nye radonmålingar i Tøyenhagen

Førre måling av radonnivå i Tøyenhagen viste radonverdiar noko over tiltaksgrensa i stort sett alle bygningane.

Basert på rapporten og anbefalingane frå Radonlab har borettslaget fått gjennomført ei rekke tiltak det siste halvåret. Det har mellom anna vore

  • tetting av kjellargolv
  • rensing av vifter i kjellaren
  • installering av meir ventilasjon 

Det vil bli utført målingar med sporfilm i alle leilegheiter i 1.etasje og på bakkeplan. I tillegg vil det gjennomførast målingar i 2.etasje der kor målingar i 1.etasje var over terskelverdien sist. Målefilmane må setjast opp innan 14.februar (!), og stå oppe i to månadar. Meir informasjon om praktisk gjennomføring og utsetjing av målefilmar kjem mot slutten av januar.